26 - Religion i Noreg

Lær norsk nå! - En podcast af Marius Stangeland

Kategorier:

Epost: [email protected] Teksten til episoden: https://laernorsknaa.com/26-religion-i-noreg/ YouTube: ⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A/videos⁠⁠ Støtt podkasten: Patreon: ⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠Doner (paypal.com)⁠ Historisk sett har Noreg vert eit kristent land. Dette skjedde rundt år 1000 då kristendommen kom til Noreg, noko som var ganske seint samanlikna med mange andre europeiske land. For eksempel vart England kristna allereie tidleg på 600-talet, 400år før Noreg. Før Noreg var kristna var det den norrøne religionen som dominerte i Skandinavia og Norden. Dette tyder at dei trudde på Odin, Tor, Loke, Frøya og dei andre norrøne gudane. Religionen var sentrert rundt ofring av dyr, altså at ein drep dyr for å æra eller tilbe gudane. Denne religionen var også det ein kallar for polyteistisk som vil sei at dei trudde på fleire gudar. Kristendommen er derimot monoteistisk og førde til fleire store endringar i Noreg. Blant anna blei fleire kyrkjer bygd rundt omkring i landet, og særleg kjende er dei gamle stavkyrkjene bygde i tre og Nidarosdomen, dei einaste katedralen i Noreg. Kristendommen har vore den største religionen i Noreg i 1000år no, men det har ikkje alltid vore den same forma for kristendom. Då kristendommen kom til Noreg i år 1000, var det den katolske varianten. Altså blei Noreg eit katolsk land saman med største parten av Vest-Europa. Dette endra seg då Martin Luther starta det som har blitt kalla for reformasjonen på 1500-talet. På denne tida var det ein dansk konge som herska over Noreg, Christian III av Danmark-Noreg. Denne kongen omvende seg til den nye kristendommen, den Lutherske protestantiske kristendommen. Å omvende seg betyr å skifta religion. Då kongen skifta religion, måtte også folk i Noreg og Danmark gjera det same. Sidan den gong har den Lutherske protestantiske kristendommen vore den største religionen i Noreg. Fram til 2012 var den Lutherske protestantiske religionen den offisielle statsreligionen i Noreg. Dette blei skriven inn i grunnlova vor frå 1814. All pengestøtte og finansiering til den Norsk-Lutherske kyrkja kom difor ifrå staten. Ein hadde eit eige departement, Kyrkje- og kulturdepartementet, som blant anna hadde ansvaret for den norske statskyrkja. I 2012 blei ein grunnlovsendring vedteken av Stortinget, nasjonalforsamlinga i Noreg. Frå 2012 av var ikkje den Norsk-Lutherske kyrkja lenger statskyrkja i Noreg. No hadde ikkje Noreg lenger ein offisiell religion. Likevel er framleis den Norsk-Lutherske kyrkja, ofte berre kalla for «Den norske kyrke», den største religionen i Noreg.