Født i feil århundre
P3 Dokumentar - En podcast af NRK
Kategorier:
Studenthybelen til Stig Roar Olsen (23) blei eit internettfenomen i sommar. I dag er den dekt til fest. Hybelen er 19 kvadratmeter og er fylt med trampeorgel, sveivegrammofon, kniplingsdukar, sølvtøy og porselensservise. Gjestane er venta klokka halv fem. Ganske tidleg til å vere ein studentfest. Bordet er allereie dekt med krystallglas og porselensservise. Musserande vin, portvin og Dronning Mauds fromasj står også klart. Huset til Øyvind Nilsen (32) får Stig Roars studenthybel i Stavanger til å framstå vanleg og A4. Øyvind er også hekta på 1800-talet, og har fylt opp stua si med servise, koppar og vasar av fajanse, eit steintøy som minner om porselen. Til saman har han 33 000 gjenstandar frå gamle dagar i huset. For han har fajansesamlinga vore ei livbøye gjennom ein tøff oppvekst. Dei er begge relativt langt frå å vere typisk norsk ungdom. Stig Roar elskar klunkestilen frå 1880-tallet. Øyvind har elska fajanse sidan han var sju år gammal. Stig Roar har ingen venner på sin alder med same interesser, Øyvind har slitt med utestenging og mobbing. Dei har begge valt å vere seg sjølv og dyrke sine spesielle interesser. Olsen og Nilsen. Dei bur berre ein time frå kvarandre. Nå skal dei møtast for første gong – på fest hos Stig Roar. Ein dokumentar av Webjørn S. Espeland.