102. Runer del 1. Intervju med runolog Kristel Zilmer
Tru og meining i gammal tid - En podcast af Eldar Heide - Torsdage
Kategorier:
Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år. Opptaket er delt i to. Her kjem del 1: Kva er runer? Utfordringar i runologien. Alstad 2 om Ukraina. Den nye hirila-innskrifta frå Fyn i Danmark. Runologiens fyrste lov. Eggjasteinen og religionshistorisk kjeldeproblematikk. Innspela i Oslo 27.10.2025.
