3. Var dei norrøne gudane på stjernehimmelen? Intervju med Gísli Sigurðsson

Tru og meining i gammal tid - En podcast af Eldar Heide - Søndage

Kategorier:

Slår ein opp i innføringsbøker i norrøn mytologi, så står det lite eller ingen ting om at gudane eller mytologiske strukturar kan ha samanheng med stjernehimmelen. Dersom dette stemmer, så er det overraskande, for ser ein på etniske religionar kringom i verda, er normalen at himmel-lekamane har ei viktig rolle. I dette intervjuet fortel Gísli Sigurðsson ved det islandske Árni Magnússon-instituttet om kva han er komen fram til om gudane og stjernehimmelen. Det er ein god del gode og uavhengige argument som knyter også dei norrøne gudane til stjernehimmelen. Mellom desse er truene om ulvane som jagar sola over himmelen; det har bakgrunn i eit atmosfærinsk fenomen, og vi er innom eit mogeleg samband mellom Guden Heimdall og Nordstjerna - som blir hovudtema i ein seinare podkast. Intervjuet er gjort 9. august 2022 på The International Saga Conference i Helsingfors / Tallinn. Innspela i Helsingfors 9. august 2022.