65. Solkult i Noreg? Samtale med lokal entusiast Torill Kobberstad Eide

Tru og meining i gammal tid - En podcast af Eldar Heide - Søndage

Kategorier:

Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret.   Har vi noko liknande hos oss? Ja, vi har norrøne mytar som liknar dei egyptiske, om transport av sola over himmelen. Og i fleire tilfelle er arkeologiske monument plasserte på det punktet som sola i samspel med landskapet prikkar inn med konsentrert stråle på vinter- eller sommarsolkverv eller siste og fyrste soldagen, kanskje med ekstranummer etter at sola fyrst har gått ned. Her skal vi drøfte dei mest interessante tilfella av dette som vi kjenner, med forankring i Gloppen i Nordfjord, der dette er utforska. Det er det ikkje elles i landet, så vi vil gjerne ha deg med på ein dugnad for å få kartlagt slike ting. Gjest er Torill Kobberstad Eide, som er frå Gloppen og er ein lekperson med mykje kunnskap og entusiasme.   Innspela i Gloppen 15. juni 2024.