9. Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen

Tru og meining i gammal tid - En podcast af Eldar Heide - Søndage

Kategorier:

I dag snakkar eg med Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland med utgangspunkt i internettbasen segner.no, som inneheld 2600 segner frå Vestlandsfylka, søkbare via tema, kart m.m. Bjørn og Nils Tore har bygd opp basen som ein ressurs for skular og barnehagar. Vi kjem inn på fossegrimen som lærde opp spelemenn og er med i fontena på Ole Bulls plass i Bergen; eit 2,5 liters drikkehorn stole frå dei underjordiske på Stord, med hjelp frå tunvorden (jf. vardøger-episoden); den magiske krafta i matkorn, stål, kyrkjeklokker, visse kjelder og namn; bergtaking, trollet som vart narra til å bygge kyrkje for bygdefolket; segna som forklarer den kjempestore Jut(l)asteinen, som ligg midt i ei bygd på Stord; og meistertjuven Gjest Bårdsen. Andre tema er kva funksjon segner kunne ha før moderne vitskap og mogelege innslag frå førkristen tid i segner nedskrivne i moderne tid.  Innspela på Stord 27. september 2022.